Knut Eirik Elvegård (Arbeiderbladet 28.09.94)
Me har eit skrikande og lite omtala demokratiunderskot i Noreg. Det vert sagt at me liksom har kommunalt sjølvstyre, men det er ein rein bløff. Norske kommunar har ikkje meir sjølvstyre enn ein stat i USA eller eit middels EU-Iand. Tilleggsdemokrati kallar dei det, når dei kjem dragande med Grunnlova og statsmakta. «Lokale særinteresser må vike for overordnede nasjonale målsetninger», læt det så vent. Makta rår, seier me, og det er ikkje mykje demokratisk. Borte bra, men heime best. Her i bygda vil me helst råde sjølve, om ingen har noko imot det. Men kvar gong me vil styrke næringsgrunnlaget og skatteinngangen, kvar gong me høgg ein liten skog eller plasserer ei lita hyttegrend oppe på fjellet, så kjem dei frå hovudstaden og dreg nasjonalparkar og landvernsoner ned over hovudet på oss. Er det kanskje demokratisk? For ordens skuld røystar me i kommunestyret no og då, men vedtaka våre vert ofte overprøvde, utan demokratisk kontroll, inne i unionshovudstaden Oslo.
Me har berre tre mann på Tinget frå bygda vår. Meir enn me skulle hatt, rett nok, jamvel om dei ikkje har nokon innverknad. Tanken om at me her frå bygda skulle få innverknad på Stortinget er fåfengt. Alle kan me då sjå at det er Stortinget som påverkar oss! Og har me i røynda nokon demokratisk kontroll med desse ovstore, byråkratiske departementa? Gud veit kva dei i røynda talar om bakom stengde dører, og dei hemmelegstemplar mest alt dei får kloa i. Javel, statsråd, seier dei, og så køyrer dei vidare på eiga hand og avgjer alt sjølve.
Nei, lat oss seie det nett som det er. Her i bygda har me klara oss bra i hundrevis av år. Me kjenner kvarandre og gjer tinga på vårt eige vis. Me har vår eigen dialekt og vår eigen kultur. Ikkje har me så mange innflyttarar heller. Jamvel om det og bur bra folk i andre bygder. Der får dei ordne opp. Hjå oss har me ikkje sans for denne overkommunale nasjonalstaten som dei skryt slik av. Kvifor skal me måtte stå saman med andre kommunar langt av lei, med eit heilt anna næringsgrunnlag enn vårt, der folk mest ikkje har arbeid? Då kan det verte likeeins hjå oss og! Og elgen vår, den vil me skyte sjølve!
Ned med Kåre Lunden og den føderale nasjonalstaten!
NEI TIL EIDSVOLDSUNIONEN!
PS. Oppropet er skrevet på nynorsk av Knut Erik Aagaard under psevdonym etter avtale med redaksjonen.